Eid
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Verb

Svake verb

Dei svake verba kan vi setje opp i seks klassar med desse bøyingsendingane:


1. kaste-klassen:
-e -a -a -a

Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
fiske fiska fiska fiska


2. døme-klassen:
-e -e -de/-te -t

Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
leve leve levde left
ęe ęe ęnde ęnt
tape tape tapte tapt

Verba som har konsonantane g, m, eller v føre endinga, som altså i leve, ęe osv., får endinga -de i preteritum. Dersom verbet har ein av konsonantane k, n, p, s eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggje til -te: å tape – tapte. Verb med konsonanten l eller r føre endinga får -de eller -te i preteritum: å tåle – tålde, å måle – målte, å tȯre – tȯrde, å spare – sparte.


3. greie-klassen:
-e -e -dde -tt

Altså:
greie greie grędde grętt
føde føde fødde føtt

Når desse verba får tillagt endingane -dde og -tt, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har d eller vokal framom infinitivs-e-en : greie, bløde.


4. meine-klassen:
-e -a -de/-te -t

Desse verba liknar på kaste-klassen i notid og døme-klassen i fortid:
lȯve lȯva lȯvde lȯft
like lika likte likt

Her som i døme-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: lȯvde med -de og likte med -te. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: bake, spele, måle osv.


5. telje-klassen:
-e -e *-de *-t

Her set vi stjerne framom endingane i fortid, for det som først og fremst skil klassen frå døme-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifte:
tęlje tęle talde talt

Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døme-klassen ved at dei har ein annan tonegang; tęle er uttalt med det vi kallar tonem 1, mens tape i notid har tonem 2: ˊtęle, ˋtape. Her som i døme-klassen bruker ein -te i preteritum etter visse konsonantar.


6. -klassen:
- -r -dde -tt

Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
tru trur trudde trutt
sår sådde sått


Sterke verb

Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vere særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som vi ser f.eks. i farefęreforfere. Her er skiftet altså aęoe. Dessutan er det inga ending i preteritum (for), perfektum partisipp har endinga -e (fere), og i notid bruker ein tonem 1 slik som i det svake verbet tęle, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller vi opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse.

1. klasse (i – i – ei – e):
bite bite beit bete
slite slite sleit slete

2. klasse (y – y – au – ȯ):
bryte bryte braut brȯte
flyte flyte flaut flȯte

3. klasse (i/e/ę – i/e/ę – a – u/o/ȯ):
fie fie fa fue
drikke drikke drakk drue
vende vende vatt vonde
bręe bręe bra brue
dętte dętte datt dȯtte

4. klasse (ę – ę – a – ȯ):
drępe drępe drap drȯpe
bęre bęre bar bȯre

5. klasse (a – ę – o – e):
grave gręve grov greve
fare fęre for fere

Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba:
be be ba bett
je je ga jett
stå står sto steje
slå slęr slo sleje
får fękk fått

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)