Eid
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Adjektiv

Adjektiva har vi hovudsakleg to typar av: 1) dei som endar på -en eller -al i oppslagsforma (for eksempel galen og gammal), og 2) dei som ikkje gjer det (for eksempel kald). Adjektiva får bøying i samsvar med substantivet dei står til, og dermed får dei slike bøyingar:
1) e galę gut ei gala ęreng ett gale svar
galne guta galne ęrenga galne svar
2) e kalde gut ei kalde ęreng ett kalt hus
kalde guta kalde ęrenga kalde hus


Forma kalde framom ord i eintal har tonem 1, ˊkalde, og kalde framom fleirtalsord har tonem 2, ˋkalde, dvs. at tonegangen viser om adjektivet står i eintal eller fleirtal.

Dermed er bøyingsmønstera slik:
1) -ę -a -e
-ne -ne -ne
2) -e -e -t
-e -e -e


Dersom substantivet står i bestemt form, har adjektivet alltid endinga -ne eller -e:
dę galne gutę, dę kalde gutę

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)