Eid
Nokre særdrag
Informasjon om lydskriftsystemet.
Dialekten her har dei vanlege nordvestlandske og nordfjordske draga, dvs. at
-
infinitivar endar på -e
:
-
svake hokjønnsord endar på -e i ubestemt form eintal
:
- det er ikkje forskjell i bøyinga av svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal (og heller ikkje i fleirtalsformene)
:
|
vise | visa | vise | visęe |
|
bygd | bygda | bygde | bygdęe |
- i den eldre dialekten er det vanleg med palatale lydar (dvs. lydar med j-klang)
:
|
ma, | kae |
’mann, kalle’ |
- det personlege pronomenet i 3. person hokjønn er honn
- i den eldre dialekten blei det brukt dativ.
Det heiter for eksempel ha står bortpå låva ’han står bortpå låven’, men: gå ut på låvę ’gå ut på låven’.
- dei personlege pronomena i første person er ęg i eintal
og vi i fleirtal
- dialekten har etterleddstrykk, dvs. ein uttale der hovudtrykket ligg på det andre (eller siste) leddet i samansette ord. Det er vanleg særleg i uttalen av stadnamn: Josteˊdalęn, Bøverˊdalęn. Slik uttale kan
òg høyrast i andre samansetjingar: norfjorˊmåle, kviˊfȯlå.
-
d–ar som kjem etter ein vokal, blir uttalte: tid, råd. Dette gjeld også der nynorsk skriftmål ikkje har dei lenger: lid, tred, saud. Dessutan blir d uttalt i ord med kombinasjonane ld og nd: kalde, land.
- grunnforma av adjektiv, notid av sterke verb og verba i telje–klassen endar på ein trykklett e (innskotsvokal): e store ma, ęg ęme no, honn tęle saudęe.
|