Eid
Lytt på dialekten
Klikk her og høyr på opptak 1 frå Eid.
Tekst 1:
- Det er det same som med alle desse her antikvitetane folk har. Viss alt blei teke vare på, så var det ikkje noko spennande og interessant. Og viss alle hadde det…
- Ja, det er sant.
- …så blir ikkje det noko sjeldan og, som ein måtte kikke på på museum. Og, og då ville det vel knapt nok komme nye ting til. Som mor mi sa ein gong då. Og ho angra selvfølgeleg ho òg, men etter krigen og etter besteforeldra mine på morssida var borte då, så heiv ho dessverre ein, når ho var der og rydda, ein par, tre rokkar. For ho håpte ho aldri meir måtte sitje å bruke dei. Det, det var den, det ho forbandt med dei nemleg. Ho fortalte blant anna at alle kveldar så måtte dei bruke rokken. Dei måtte kare og spinne ull. Så ho såg fram til søndagane for det var ikkje arbeidsdag. Då fekk dei lov å brodere. Det var ikkje arbeid. Men spøting og karing av ull og spinning og alt sånn det var arbeid, og det måtte dei sitje med kvar einaste kveld.
Informant: Mann, over 50 år, frå Nordfjordeid
Klikk her og høyr på opptak 2 frå Eid.
Tekst 2:
- Kva var det som gjorde at du liksom kom så fort inn i miljøet då?
- Det var fadderveka til Universitetet. Og det, fyrste veka, eller før studiet begynner då, så, før studiet begynner så er det ei veke der det er nesten berre sosiale arrangement. Fyll og fest i ei veke. Rett og slett. Men, eller det vil seie, det var vel eigentleg i lag med studiet. Så det var ganske hardt å komme seg på dei fyrste førelesningane. Det var det. Så det var fyrste veka av studieåret. Så då hadde vi to fadrar som tok seg av klassa vår. Vi var vel ein 25 stykke, eller noko, som farta rundt i by'n og fann ut kor Hulen var hen, og Kvarteret og blei stort sett kjende i by'n. Møtte ved Den blå steinen og gjekk derifrå. Rett og slett. Og ettersom det ikkje var nokon bergensarar der, berre folk, einstøingar frå heile Noreg, som kom og samla, så var alle innstilte på å bli kjende med folk. Og det gjorde det jo vesentleg enklare å bli kjent med folk då.
Informant: Kvinne, om lag 20 år, frå Eid
|