Eid
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Substantiv
Hankjønn
Det dominerande bøyingsmønsteret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (måne), mens andre ikkje gjer det (hęst). Vi har difor plassert e-en i ein parentes:
Det vil seia at hęst og låve blir bøygde slik:
Ei gruppe hankjønnsord har e/ę i fleirtalsendingane:
Slik går m.a. saud, sękk, bęnk, altså på denne måten:
Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein i:
Ein del ord med stavinga -ar og -el følgjer første bøyingsmønsteret, men dei får samandraging i fleirtal:
Hokjønn
Dei fleste sterke hokjønnsorda har dette bøyingsmønsteret:
Dermed får ordet fjøl slik bøying:
Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen -a i fleirtal:
Slik bøying har f.eks. reim og ęreng:
Desse orda har avvikande bøying frå dei to hovudmønstra i hokjønn:
Inkjekjønn
Inkjekjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
Orda får dermed denne bøyinga:
Palatalisering
Palatalisering kallar vi det at ord som skog heiter skoję, lęgg heiter lęę, dręng heiter dręnę, og fisk heiter fisę i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k blir skifta ut med (jf. fisk), mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. lęgg) og etter n (jf. dręng) og med j etter lang vokal (jf. skog). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:
Dativ
Dialekten har fram til vår tid hatt kasusbøying i substantiva. Dei formene vi har vist ovafor, er nemneformer (N), som er dei vanlegaste formene, og som alltid blir brukte når ordet står f.eks. i eit subjekt. I tillegg har ein i den eldre dialekten dativformer (D), som f.eks. blir brukte etter visse preposisjonar: gutę, men frå guta. Forma guta er her eintal bestemt form dativ. I fleirtal heiter det frå gutå. (Under Setningslære står ei utgreiing om bruksmåten av nemneform og dativ.) Når vi føyer dativformene til i bøyingsmønstra ovafor, vil dei fullstendige mønstra sjå slik ut: Hankjønn:
Slik bøying har for eksempel hęst:
Slik går mellom anna sękk:
Hokjønn:
Dermed får fjøl denne bøyinga:
Slik går vise:
Det vil seie at reim blir bøygd slik:
Inkjekjønn:
Dermed får hus denne bøyinga:
|