Eid
Ein liten grammatikk Setningslære
Dativ
Dativ blei i det eldre målet brukt fast i indirekte objekt, etter visse preposisjonar, adjektiv, adverb og i det direkte objektet etter visse verb.
- Etter preposisjonar er det slik at det er alltid dativ etter imyå, mę, åt, ętte, attom: Ha kȯmm mę dei stolå. (’Han kom med dei stolane.’). Etter på og i er kasusbruken avhengig av om ein vil uttrykkje ei rørsle til staden eller
at noko er på staden: sęe seg på stabbę (’setje seg på stabben’) uttrykkjer ei rørsle ned mot stabben, mens sie på stabba (’sitje på stabben’) uttrykkjer eit konstant forhold til stabben.
|