Hornindal
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Verb

Svake verb

Dei svake verba kan vi setje opp i seks klassar med desse bøyingsendingane:


1. kaste-klassen:
-e -a -a -a

Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
takke takka takka takka
kae kaa kaa kaa


2. døme-klassen:
-e -e -de/-te -t

Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
glaime glaime glaimde glaimt ('gløyme')
ęe ęe ęnde ęnt
spare spare sparte spart

Verba i denne klassen som går slik og altså har preteritum-de, har konsonantane g, m, eller v i stammen på orda, som i glaime, ęe osv. Dersom verbet har ein av konsonantane k, n, p, s eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggje til -te: å sparesparte. Verb med konsonantane l eller r føre endinga får -de eller -te i preteritum: å tȯretȯrde, å sparesparte, å tȯletȯlde, å spęlespęlte.


3. greie-klassen:
-e -e -dde -tt

Altså:
graie graie grędde grętt
føde føde fødde føtt

Når desse verba får tillagt endingane -dde og -tt, blir altså diftongen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har d eller vokal framom infinitivs–e–en: arbaide, spraide, spade.


4. meine-klassen:
-e -a -de/-te -t

Desse verba liknar på kaste-klassen i notid og døme-klassen i preteritum og i perfektum partisipp:
lȯve lȯva lȯvde lȯft
svare svara svarte svart
prøve prøva prøvde prøft

Her som i døme-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: lȯvde med -de og svarte med -te. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: bruke, bake, like osv.


5. telje-klassen:
-e -a *-de *-t

Her set vi stjerne framom endingane i preteritum og perfektum partisipp, for det som først og fremst skil klassen frå døme-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifte:
tęlje tęle talde talt
vęlje vęle valde valt

Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døme-klassen ved at dei har ein annan tonegang; tęle er uttalt med det vi kallar tonem 1, mens spare i notid har tonem 2: ˋtęle, ˊspare. Her som i døme-klassen bruker ein -te i preteritum etter visse konsonantar.


6. -klassen:
- -r -dde -tt

Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
tru trur trudde trutt
bo bor bodde bott



Sterke verb

Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vere særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som vi ser f.eks. i gravegręvegrovgreve. Her er skiftet altså aęoe. Dessutan er det inga ending i preteritum (grov), og perfektum partisipp har endinga -e (greve), og i notid bruker ein tonem 1 (ˋgręve) slik som i det svake verbet ˋtęle, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller vi opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse.

1. klasse (i – i – ai – e):
bite bite bait bete
skrive skrive skraiv skreve

2. klasse (y – y – au – ȯ):
bryte bryte braut brȯte
fryse fryse fraus frȯse

3. klasse (i/e/ę – i/e/ę – a – u/o/ȯ):
fie fie fann fue
bende bende batt bonde
bręe bręe brann brȯe

4. klasse (e – e – a – e):
lese lese las lese
drepe drepe drap drepe

5. klasse (e/ę – e/ę – a – ȯ):
stele stele stal stȯle
bęre bęre bar bȯre

6. klasse (a – ę – o – e):
grave gręve grov greve

Nokre av dei sterke verba får bøyingar som minner noko om dei svake, f.eks.
be ber bad bett
je jer ga jett
stå står sto steje
slå slęr slo sleje
får fękk fått

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)