Hornindal
Nokre særdrag
Info om lydskriftsystemet.
Dialekten her har dei vanlege nordvestlandske og nordfjordske draga, dvs. at
-
infinitivar endar på -e
:
-
svake hokjønnsord (dvs. hokjønnsord som har meir enn
éi staving, og som endar på vokal i oppslagsforma) endar på -e i ubestemt form eintal
:
- det er ikkje skilnad i bøyinga av svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal (og heller ikkje i fleirtalsformene )
:
|
vise | visa | vise | visęne |
|
dør | døra | døre | døręne |
- i den eldre dialekten er det vanleg med palatale lydar (dvs. lydar med j-klang)
:
- det personlege pronomenet i 3. person hokjønn er honn
- i den eldre dialekten blei det brukt dativ,
som for eksempel i: hann står på låva. (Men det heiter: gå bort på låvęn.)
- dei personlege pronomena i første person er ęg i eintal
og vi i fleirtal
- dialekten har etterleddstrykk, dvs. ein uttale der hovudtrykket ligg på det andre (eller siste) leddet i samansette ord. Det er vanleg særleg i uttalen av stadnamn: Josteˊdalęn, Bøverˊdalęn. Slik uttale kan
òg høyrast i andre samansetjingar: mataˊlause, ręttˊlaide.
-
d–ar som kjem etter ein vokal, vert uttala: smed, stad, side. Dette er d-ar som har falle bort i dei fleste andre dialektane. Det gjeld også der nynorsk skriftmål ikkje har dei lenger: saud, tred, lid
- grunnforma av
adjektiv, notid av dei fleste sterke verb og verba i telje–klassen endar på ein trykklett e (innskotsvokal): ein store gut, eg eme no, han fȯrtęle vitsa
- bokstavkombinasjonen rn i skriftspråket blir alltid uttalt nn, for eksempel i kommunenamnet Hånndalęn og kånn 'korn'.
|