Hornindal
Lytt på dialekten


Klikk her og høyr på opptak 1 frå Hornindal.

- Det som er litt spesielt med å bruke det som eg har samla sjølv, det er at då har eg historia rundt. Det er ikkje berre ein song, men eg veit litt meir om korleis han har vore brukt, og det knyter seg spesielle hendingar eller stader eller personar til akkurat den songen, og det kan eg då formidle vidare til ungane, alt etter kor gamle dei er. Når det gjeld dei eldste ungane, då er vi helst heime med meg og øver, eller med andre som kan lære dei songar her i Hornindal. Og då går det meir på å arrangere songar, altså syngje fleire stemmer, leike seg med desse her melodiane og tekstane, og det går på å lære gamle kjøkemeistersongar og skjemteviser og salmar og slikt som har vore brukt her i Hornindal.

Informant: Kvinne, fødd 1950, Hornindal kommune



Klikk her og høyr på opptak 2 frå Hornindal.

- Kva det betyr for bygda då? Ekornes?
- Ei lita bygd som Hornindal med 1200 innbyggjarar så, og vi er nesten 100 som jobbar på Ekornes, så er det jo heilt sikkert at Ekornes er hjørnesteinsbedrift. Det er ikkje tvil om, så både samarbeid med kommunen og sånn, og så, så trur eg det at det betyr utruleg mykje.
- Du sa i stad at det var mange unge.
- Ja.
- Er det altså folk herifrå, kanskje?
- Ja, mykje. Men samtidig så, så er det jo folk både frå Hellesylt og Stryn og Eid og tilflyttarar både frå Ørsta og Fagernes og over alt. Altså, dei kjem, for at det, her er ikkje, det blir, det har ikkje vore nok arbeidssøkjarar i forhold til det vi, behovet som har vore no i det siste.
- Nettopp. Men kor er, dei som er like gamle som deg, er det mange av dei som jobbar her?
- Altså, viss ein plussar på ein tre-fire år i begge, begge vegar då, så er det faktisk ein god del, ja.
- Ja, hen blir det av dei andre då?
- Nei, dei, her er masse ungdommar i bygda no.
- Det er det, ja.
- Det synst eg. Altså, mykje og mykje, altså, ein god del. Men underskot av kvinnfolk.
- Ja, akkurat.

Informant: Mann, fødd 1979, Hornindal kommune

Intervjuar: Kvinne, fødd 1967, Hornindal kommune

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)