Eid
Ein liten grammatikk
Lydverket


Lydane

Vokalane i dialekten er dei vanlege a, e, i, o, u, y, æ, ø, å, ei, øy, au. Dessutan har ein «tilleggsvokalane»:

ę, som er ein open e-lyd, ein æ-farga e.

ȯ, som er ein å–lyd med ø–klang.

Konsonantane er dei vanlege vi kjenner frå skriftmålet: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Dessutan har dialekten desse «tilleggskonsonantane»:

og , som er k og d med ein j-lyd. Lydane blir uttalte med å presse fremre del av tunga mot ganen litt lenger fram enn der ein uttaler k og g, og så opne for lufta med ein liten «eksplosjon». I fagspråket kallar vi desse lydane for affrikatar. Desse to lydane svarar ofte til skrivemåten kj og gj i nynorsk: tęne, bye 'tenkje, byggje'. Men desse to lydane vekslar også ofte med k og g i bøyinga av ord, og det blir kommentert under substantiv.

og , som er l og n uttalte med ein j–klang.

̥, som er ein pustande, klanglaus . På fagspråket kallar vi desse lydane palatalar.

Som dei fleste andre dialektane i Noreg har også dialekten i Eid tonemforskjell, dvs. at det finst ordpar der tonegangen er den einaste tydingsskiljande faktoren:

Tonem 1: ˋfaręn (bestemt form eintal av far)

Tonem 2: ˊfaręn (bestemt form eintal av fare)

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)