Kvam
Forskjellar


Yngre og eldre dialekt

Talemålet kan òg variera litt mellom generasjonane. På ein del punkt vil yngre mål skilja seg ut frå det me har sett i skissa ovafor.


Lydane

  • Diftongen ao er ikkje like vanleg mellom dei yngre som mellom dei eldre.

Substantivbøyinga

  • I bøyinga av hankjønnsorda kan dei yngste ha samanfall mellom det som blir kalla bøyingsklasse 1 (for eksempel hęst) og bøyingsklasse 2 (for eksempel gris) ovafor. Dei kan bøya orda hęst og gris på same måten:
    hęst hęstʼn hęsta hęstane
    gris grisʼn grisa grisane
  • I bøyinga av hokjønnsorda kan dei yngste ha samanfall mellom det som blir kalla bøyingsklasse 3 (for eksempel sak) og bøyingsklasse 5 (for eksempel myr). Dei kan bøya orda sak og myr på same måten:
    sak sakę saker sakene
    myr myrę myrer myr’ne
  • Dei hokjønnsorda som har e i fleirtalsendingane, kan hjå dei yngre få endinga -ene i bestemt form fleirtal. I eldre mål er endinga -ena. Dei yngre kan for eksempel seia våggene, der dei eldre seier våggena. Det same gjeld for inkjekjønnsord av typen auga og jarta. Her seier dei eldre augena i bestemt for fleirtal, mens dei yngre kan seia augene.
  • Dei yngre har mindre palatalisering enn dei eldre. Dei kan for eksempel seia skogen og sakę, der dei eldre seier skojen og saę.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)