Kvam
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Substantiv
Hankjønn
Det dominerande bøyingsmønstret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (dråpe), mens andre ikkje gjer det (hęst). Me har difor plassert e-en i ein parentes.
Det vil seia at dråpe og hęst blir bøygde slik:
På grunn av at endinga -en i hęsten står etter t, blir ordet i bestemt form eintal uttalt hęstʼn, jf. Lydmønster. Ei gruppe hankjønnsord har e i fleirtalsendingane:
Slik går m.a. vęgg ’vegg’ og gris, altså på denne måten:
Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein i:
Ein del ord som endar på den trykklette stavinga -ar, følgjer første bøyingsmønsteret, men dei får samandraging i fleirtal:
Hokjønn
Dei fleste sterke hokjønnsorda har desse bøyingsmønstra:
Dermed får orda sak og skaol ’skål’ slik bøying:
På grunn av at endinga -ena i skaolena står etter l, blir ordet i bestemt form eintal uttalt skaolʼna, jf. Lydmønster. Dei svake hokjønnsorda blir bøygde slik:
Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen -a i fleirtal:
Slik bøying har f.eks. :
Desse orda har avvikande bøying frå dei to hovudmønstra i hokjønn:
Inkjekjønn
Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra:
Orda hus, aor, ęple og stye ’hus, år, eple, stykke’ får dermed denne bøyinga:
Dette er det dominerande bøyingsmønstret for inkjekjønnsorda. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (ęple, stye), mens andre ikkje gjer det (hus, aor). Me har difor plassert e-en i ein parentes. Somme ord får ei spesiell bøying:
Palatalisering
Palatalisering kallar me det at ord som bok heiter boę, dag heiter dajen, sæng heiter sæe og vęgg heiter vęen i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med (jf. bok), mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. vęgg) og etter n (jf. sæng) og med j etter lang vokal (jf. dag). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:
|