Kvam
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Verb

Svake verb

Dei svake verba kan me setja opp i seks klassar med desse bøyingsendingane:


1. kasta-klassen:
-a -a -a -a

Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
kasta kasta kasta kasta
takka takka takka takka


2. døma-klassen:
-a -e -de/-te -t

Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
liva live livde livt ’leva’
tapa tape tapte tapt

Verba i denne klassen som har konsonantane g, m, n eller v føre endinga, som altså i liva osv., får endinga -de i preteritum. Dersom verbet har ein av konsonantane k, p, s eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggja til -te: å tapa – tapte. Verb med konsonantane l eller r framom endinga, får anten -de eller -te i preteritum: å spara – sparde, å bora – borte, å spæla – spælte, å fylja – fylde.


3. greia-klassen:
-a -e -dde -tt

Altså:
båia båie båidde/båigde båitt/båigt ’bøya’
tåia tåie tåidde/tåigde tåitt/tåigt ’tøya’

Typisk for verba i denne klassen er at dei har d eller diftong framom infinitivs-a-en.


4. meina-klassen:
-a -a -de/-te -t

Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid:
maola maola maolte maolt ’måla’
saga saga sagde sagt

Her som i døma-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: maolte med -te og sagde med -de. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: saga, baka, laga osv.


5. telja-klassen:
-a -e *-de/*-te *-t

Her set me stjerne framom endingane i fortid, for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifta:
tęlja tęle talde talt
symja syme sumde sumt

Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døma-klassen ved at dei har ein annan tonegang; tęle er uttalt med det me kallar tonem 1, mens liva i notid har tonem 2: ˊtęle, ˋlive. Her som i døma-klassen bruker ein -te i preteritum etter visse konsonantar.


6. -klassen:
- -r -dde -tt

Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
tru trur trudde trutt
sy syr sydde sytt



Sterke verb

Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i brotabrytebrautbråte. Her er vokalskiftet altså oyauå. Dessutan er det inga ending i preteritum (braut), perfektum partisipp har endinga -e (bråte), og i notid bruker ein tonem 1 (ˊbryte) slik som i det svake verbet ˊtęle, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse.


1. klasse (i – i – ai – i):
bita bite bait bite
driva drive draiv drive

2. klasse (o – y – au – å):
brota bryte braut bråte ’bryta’
sjota sjyte skaut skåte ’skyta’

3. klasse (i/ę – i/ę – a – ù/å):
finna finne fann fùnne
drikka drikke drakk drùe
bręnna bręnne brann brånne
dętta dętte datt dåtte

4. klasse (æ – æ – a – å):
bæra bære bar båre
sjæra sjære skar skåre

5. klasse (æ – æ – e/a – æ):
læsa læse les læse
dræpa dræpe drap dræpe

6. klasse (a – ę/æ – o – å/a):
fara fęre for fåre/fare
mala mæle mol male

Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba:
slao slaor slo slaie ’slå’
stao staor sto stęe/staie ’stå’
fao faor fękk faott ’få’
je jer gav jeve/jett ’gje’
be ber ba bee/bett ’be’

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)