Kvam
Lytt på dialekten
Tekst 1:
- Det, det var ein, ein middels stor gard. Og eg er då ellevte generasjon som sit på han no. Då han vart delt i frå andre gardar på, på slutten av 1600-talet. Var då eitt av ti bruk på Øystesegarden. Øystesegarden er jo då liksom det som har vore rekna som sentrum i Øystese, ja, i frå fyrst av. Og me hadde jo kyrkja liggjande rett inne her med gamleheimen, den fyrste kyrkja, før ho vart flytta ned til sjøen. Øystesegarden er ganske stor gard med svære fjellvidder etter måten i forhold til dei andre gardane i bygda, so har me ganske stor, me eig jo til bytes med Voss og til bytes med Samnanger og, i fjellet. Om informanten: Mann frå Øystese, fødd 1941.
Tekst 2:
- Har ein gard heime eg håpar å overta. Det får me no sjå. Det er no ikkje, ikkje for å driva. Det er no mest for å overta for å vidareføra den på ein måte. Det er no litt omstilling, så det vert no ikkje den garden det er, har vore, og det er det no ikkje i dag heller altså. Det er ikkje noko, det er vel meir berre ein plass å bu. Det er jo ikkje nokon dyr eller noko sånt. Det er det ikkje. Om informanten: Mann frå Øystese, fødd 1983. |