Kvam
Nokre særdrag
Informasjon om lydskriftsystemet.
Dialekten har mange av dei vanlege sørvestlandske og hardangerske draga, dvs. at
-
infinitivar endar på -a
:
-
svake hokjønnsord endar på -a i ubestemt form eintal
:
|
ai visa, | ai jęnta |
’ei vise, ei jente’ |
- det er forskjell i bøyinga av svake og sterke hokjønnsord i bestemt form eintal (men ikkje i fleirtalsformene)
:
|
vika | viko | vike | vikena |
’veke’ |
|
sak | saę | sae | saena |
|
- det er vanleg med palatale lydar (dvs. lydar med j-klang)
: lęen, saę ’leggen, saka’
- det personlege pronomenet i 3. person hokjønn er ho
- dei personlege pronomena i første person er ęg i eintal
og me i fleirtal
- ein har uttalen ao i ord som skaol, aor og sjao ’skål, år og sjå’, det vil seia ord som har å i skriftmålet, og som hadde lang a (á) i gammalnorsk
-
diftongane ei og øy blir uttalte ai og åi: ain stain, ai åi, å saia, å båia 'ein stein, ei øy, å seia, å bøya'
|