Kvam
Forskjellar
Geografiske forskjellar
Det finns ein del mindre skilnader i dialekten mellom dei ulike bygdene i kommunen, for eksempel:
- Ein bruker ao-lyden i det meste av kommunen (for eksempel skaol), men langs den ytste delen av fjorden seier ein skål.
- Talemålet i Strandebarm skil seg ut ved at det har fleire trekk felles med sunnhordlandsmålet. Til dømes skil ein ikkje i bøyinga mellom sterke (dvs. klasse 3 ovafor) og svake hokjønnsord (dvs. klasse 4 ovafor) i bestemt form eintal. I Strandebarm heiter det såleis sao og jęnto, medan ein andre stader seier saę og jęnto.
- Talemålet i industristaden Ålvik skil seg òg ut frå resten av Kvam. I hokjønnsorda bøyer ein slik i bestemt form eintal: saa, jęnto. Det er vanleg å bruka å i ord som skål. Mange seier òg for eksempel hann finn og ain stor mann, medan det elles heiter hann finne og ain store mann.
|