Kvam
Ein liten grammatikk
Lydverket Lydane
Vokalane i dialekten er dei vanlege a, e, i, o, u, y, æ, ø, å, au, ai, åi og ao. Dessutan har ein “tilleggsvokalane”: ę, som blir uttalt som ein open e ù, som er ein u-lyd som nærmar seg ein o Konsonantane er dei vanlege me kjenner frå skriftmålet: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Dessutan har dialekten desse ”tilleggskonsonantane”: , , som er to lydar med j-klang. Dei blir uttalte med å pressa fremre delen av tunga mot ganen litt lenger fram enn der ein uttaler k og g, og så opna for lufta med ein liten “eksplosjon”. I fagspråket kallar me desse lydane for affrikatar. Dei svarar ofte til skrivemåten kj og gj i nynorsk: tęna, bya 'tenkja, byggja'. Men desse to lydane vekslar også ofte med k og g i bøyinga av ord, og det blir kommentert under Substantiv. , som er ein n med j-klang. Som dei fleste andre dialektane i Noreg har også dialekten i Kvam tonemforskjell, dvs. at det finst ordpar der tonegangen er den einaste tydingsskiljande faktoren:
|