Ullensvang
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Substantiv


Hankjønn

Det dominerande bøyingsmønstret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -ę i oppslagsforma (laoę), mens andre ikkje gjer det (hęst). Me har difor plassert ę-en i ein parentes.

1. -(ę) -ęn -ar -anę

Det vil seia at laoę 'låve' og hęst blir bøygde slik:
laoę laoęn laoar laoanę
hęst hęstʼn hęstar hęstanę

På grunn av at endinga -ęn i hęstęn står etter -t, blir ordet i bestemt form eintal uttalt hęstʼn, jf. Lydmønster.


Ei gruppe hankjønnsord har ę i fleirtalsendingane:
2. - -ęn -ęr -ęnę

Slik går m.a. sau, bękk og kvist, altså på denne måten:
sau sauęn sauęr sauęnę
bękk bęęn bęęr bęęnę
kvist kvistʼn kvistęr kvistʼnę


Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein f.eks. i:
fot fotʼn føtęr føttʼna/føtʼna


Ein del ord som endar på den trykklette stavinga -ar, følgjer første bøyingsmønstret, men dei får samandraging i fleirtal:
hammar hammaręn hamrar hamranę
spikar spikaręn spikrar spikranę



Hokjønn

Dei fleste sterke hokjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
3. - -ęr -ęnę

Dermed får orda naol 'nål' og sak slik bøying:
naol naolę naolęr naolęnę
sak saę saęr saęnę


Dei fleste svake hokjønnsorda blir bøygde slik:
4. -a -o -ęr -ęnę
visa viso visęr visęnę
kanna kanno kannęr kannęnę


Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen a i fleirtal:
5. - -ar -anę

Slik bøying har f.eks. ęlv og ęrɩng ’kjerring’:
ęlv ęlvę ęlvar ęlvanę
ęrɩng ęrɩnję ęrɩngar ęrɩnganę


Desse orda har avvikande bøying frå dei to hovudmønstra i hokjønn:
bok boę bøkęr bøkęnę
nått nåttę nęttęr nęttęnę ’natt’
dåttę dåttę/dåttęrę døttęr døttęnę ’dotter’



Inkjekjønn

Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra:

6. -(ę) -(ę)

Dette er det dominerande bøyingsmønstret for inkjekjønnsorda. Ein del ord i denne gruppa endar på -ę i oppslagsforma (sętę), mens andre ikkje gjer det (hus). Me har difor plassert ę-en i ein parentes.

Orda sętę og hus får dermed denne bøyinga:
hus husę hus husę
sętę sętę sętę sętę

Ei gruppe inkjekjønnsord blir bøygde slik:
7. -a -a -ęr -ęnę
jarta jarta jartęr jartęnę ’hjarta’
auga auga augęr augęnę



Palatalisering

Palatalisering kallar me det at ord som bęnk heiter bęnęn, dag heiter dajęn, sęng heiter sęnję og vęgg heiter vęęn i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med (jf. bęnk), mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. vęgg) og med j etter lang vokal (jf. dag) og etter n (jf. sęng). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:

  • i eintal av hankjønnsord,
  • i fleirtal av hankjønnsord med -ęr og -ęnę som endingar i fleirtal (dvs. klasse 2 ovafor),
  • i eintal av hokjønnsord som ikkje endar på -a i oppslagsforma,
  • i fleirtal av ein del hokjønnsord som får endingane -ęr og -ęnę i fleirtal (dvs. klasse 3 ovafor), og
  • i heile inkjekjønn.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)