Ullensvang
Ein liten grammatikk
Lydverket


Lydmønster
  • Etter d, l, n, s og t blir den trykklette stavinga -ęn uttalt som ʼn, dvs. at vokalen fell ut og n-en åleine blir uttalt som ei staving. Det heiter altså for eksempel gutʼn og ikkje gutęn.
  • Lyden , som ofte svarar til skrivemåten ng, blir uttalt med å pressa bakre delen av tunga mot ganen mens ein slepper lufta ut gjennom nasen. I fagspråket kallar me han for ein velar nasal. Mykje av vestlandsk har denne lyden berre framom k og g. Ein uttaler altså ein g etter der andre dialektar ikkje gjer det. I Ullensvang heiter det såleis for eksempel sęg, mens det i store delar av landet elles heiter sę ’seng’.
Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)