Ullensvang
Lytt på dialekten
Tekst 1:
- Der er no eit diplom som handlar om nokre tvistesaker innpå, innpå Bleie. I frå 1294, trur eg. Som, der han, altså det var krangel om nokre kvernrettar og om kvar folk hadde funne seg moldfor, altså det er eit uttrykk de ikkje skjønar sikkert. Altså det var i, veit de kva borten er for noko? Det er bregnar som ormetelg, har de høyrt om det? Ja, dei brukte det som eit naudfor om vårane. Altså bortnen har eit svært rotnett som overvintrar og er like friskt. Overdelen av planta den, den visnar. Informant: Mann frå Utne, fødd 1944.
Tekst 2:
- Eg spelar, har dei siste fem åra, så har eg brukt kontrabass i forskjellige samanhengar, men på den morellfestivalen så har me vore, har me vore ni ungdommar frå Hardanger, frå Lofthus, som alle spelar noko. Så då hadde me eit band som heitte Morell swingers, som var eit storbandkonsept med, med blåsarrekke og, og syngedamer og, ja litt sånn stor greie då. Da, så då pleide me å spela på dagtid under arrangementet og på ein dans om kvelden. Informant: Mann frå Lofthus, fødd 1978. |