Ullensvang
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Verb

Svake verb

Dei svake verba kan me setja opp i seks klassar med desse bøyingsendingane:

1. kasta-klassen:
-a -ar -a -a

Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
kasta kastar kasta kasta
takka takkar takka takka


2. døma-klassen:
-a -dę/-tę -t

Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
spara sparę spardę spart
tåla tålę tåltę tålt
tapa tapę taptę tapt

Verba i denne klassen som har konsonantane g, m, n, r eller v føre endinga, som altså i spara, laga osv., får endinga - i preteritum. Dersom verbet har ein av konsonantane k, p, s eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggja til -tę: å tapa – taptę, å lika – liktę. Av verb som har konsonanten l framom endinga, får somme -dę andre -tę i preteritum: tåltę, fldę.


3. greia-klassen:
-a -ddę -tt

Altså:
nåia nåię nåddę nått ’nøya’

Når desse verba får tillagt endingane -ddę og -tt, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har diftong framom infinitivs-a-en: graia, nåia ’greia, nøya’.


4. meina-klassen:
-a -ar -dę/-tę -t

Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid:
spęla spęlar spęltę spęlt
baka bakar baktę bakt

Her som i døma-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: baktę med -tę og plagdę med -dę. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: baka, plaga, låva, lika osv.


5. telja-klassen:
-a *-dę/*-tę *-t

Her set me stjerne framom endingane i fortid for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifta:
tęlja tęlę taldę talt
smja smę sùmdę sùmt

Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døma-klassen ved at dei har ein annan tonegang; tęlę er uttalt med det me kallar tonem 1, mens spara i notid har tonem 2: ˊtęlę, ˋsparę. Her som i døma-klassen bruker ein -tę i preteritum etter visse konsonantar.


6. -klassen:
- -r -ddę -tt

Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
tru trur truddę trutt
sao saor saoddę saott 'så'



Sterke verb

Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i malamęlęmolmalę. Her er vokalskiftet altså aęoa. Dessutan er det inga ending i preteritum (mol), perfektum partisipp har endinga -ę (malę), og i notid bruker ein tonem 1 (ˊmęlę) slik som i det svake verbet ˊtęlę, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse.



1. klasse (i – i – ai – e):
bita bitę bait betę
driva drivę draiv drevę

2. klasse (y – y – au – å):
bryta brytę braut bråtę
frysa frysę fraus fråsę

3. klasse (ɩ/ę – ɩ/ę – a – ù/å):
fɩnna fɩnnę fann fùnnę
vɩnna vɩnnę vann vùnnę
ręnna ręnnę rann rånnę
slęppa slęppę slapp slåppę

4. klasse (ę – ę – a – å):
bęra bęrę bar bårę
sjęra sjęrę skar skårę

5. klasse (ę – ę – a – ę):
lęsa lęsę las lęsę
drępa drępę drap drępę

6. klasse (a – ę – o – a/å/ę):
mala męlę mol malę
fara fęrę for farę/fårę
gnaga gnęgę gnog gnęję


Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba:
be ber ba båę ’be’
je jer gav jɩtt ’gje’
sta stęndę sto stęę ’stå’
slao slęr slo slęję ’slå’
fao fęr fękk fęnję ’få’

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)