Tyssedal
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Verb

I tyssedalsmålet er notidsformer med -r vanlege mellom eldre. Dei vil for eksempel seie finner, lyser osv. I yngre tyssedalsmål er det vakling mellom former med og utan -r, men notidsformer utan -r ser ut til å vinne fram, jf. Yngre og eldre dialekt.



Svake verb

Dei svake verba kan vi setje opp i fem klassar med desse bøyingsendingane:


1. kaste-klassen:
-e -e -a -a

Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
kaste kaste kasta kasta
takke takke takka takka


2. døme-klassen:
-e -e -te/-de -t/-d

Etter dette mønstret bøyer ein altså slik:
øve øve øvde øvd
jage jage jagde jagd
lyse lyse lyste lyst

Dei fleste verba i denne klassen får endingane -te og -t i preteritum og i perfektum partisipp. Det gjeld verb der stammen endar på kort konsonant, på dei lange konsonantane -ll, -mm, -nn, - og -pp, og dessutan framandord på -ere. Verb som lyse, høre, drømme og studere vil difor få endingane -te og -t. Andre verb i denne klassen får endingane -de og -d i preteritum og i perfektum partisipp. Det gjeld for eksempel verb med stamme som endar på diftong, på den lange konsonanten -gg, eller på -g og -v med lang vokal eller diftong føre. Eksempel på slike verb er nåie, bygge, øve, plage, aige osv. ('nøye, byggje, øve, plage, eige').


3. greie-klassen:
-e -e -dde -dd

Altså:
lye lye lydde lydd

Når desse verba får tillagt endingane -dde og -dd, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har d eller vokal framom infinitivs-e-en: tie, lade, skade.


4. telje-klassen:
-e -e (*)-te (*)-t

Her set vi stjerne framom endingane i preteritum og perfektum partisipp, for det som først og fremst skil klassen frå døme-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifte:
telle telle talte/telte talt/telt
selle selle sålkte/sålte/selte sålkt/sålt/selt

Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døme-klassen ved at dei har ein annan tonegang; telle er uttalt med det vi kallar tonem 1, mens øve i notid har tonem 2: ˊtelle, ˋøve. Her som i døme-klassen bruker ein -te i preteritum i dei fleste verba.


5. -klassen:
- -r -dde -dd

Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
når nådde nådd
tro tror trodde trodd


Sterke verb

Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vere særprega av vokalskifte i stamma mellom bøyingsformene, som vi ser f.eks. i drikkedrikkedrakkdrokke. Her er skiftet altså iiao. Dessutan er det inga ending i preteritum (drakk), perfektum partisipp har endinga -e (drokke), og i notid bruker ein tonem 1 (ˊdrikke) slik som i det svake verbet ˊtelle, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller vi opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse.


1. klasse (i – i – ai – e):
drive drive draiv dreve
grine grine grain grene


2. klasse (y – y – åi – ø):
fryse fryse fråis frøse
flyte flyte flåit fløte


3. klasse (i/e – i/e – a – o/e):
drikke drikke drakk drokke
finne finne fant fonne
brenne brenne brant bronne/brent
brekke brekke brakk brokke


4. klasse (æ – æ – a/æ – å/æ):
bære bære bar/bærte båre/bært
sjære sjære skar/sjærte skåre/sjært

Dersom ein bruker formene med -te i preteritum (bærte) og -t i perfektum partisipp (bært), kan ein seie at desse verba blir bøygde som svake verb.


5. klasse (e – e – a – e):
lese lese las/leste lest
drepe drepe drap/drepte drept

Som i 4. klasse kan desse verba òg ha svak bøying.


6. klasse (a – a – o – a):
fare fare for fart
male male mol/malte malt


Nokre av dei sterke verba får bøyingar som minner noko om dei svake, f.eks.
be ber ba/bedde bett/bedd
ji jir ga/jidde jitt/jidd
slå slår slo slått
stå står sto stått
får fikk fått

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)