Tyssedal
Forskjellar


Yngre og eldre dialekt

Skissa ovafor byggjer mellom anna på målet til fire unge tyssedøler. Dialekten kan variere noko mellom generasjonane og frå person til person. Vi skal sjå på nokre av dei viktigaste forskjellane.


Substantivbøyinga

  • Hankjønnsbøyinga breier seg òg i andre ord, f.eks. har ein fått former som vakt’n der eldre mål berre kan ha vakta.

Verbbøyinga

  • Notidsformene av verbet skil eldre og yngre mål frå kvarandre. Her har dei eldre former med -r. Dei seier jager og drikker, mens dei unge ofte seier jage og drikke.
  • I yngre mål breier svake fortidsformer seg i bøyinga av dei sterke verba. I eldre mål bøygde ein å gnage etter 6. klasse sterke verb, altså slik:
    gnage gnager gnog gnagt
    I yngre mål kan det same verbet bøyast som svake verb i døme-klassen, altså slik:
    gnage gnager gnagde gnagd

Pronomenbøyinga

  • I eldre mål bruker somme dei personlege pronomena jei, mei og dei. Mellom yngre er eg, meg og deg einerådande. I dag er det òg mange eldre som bruker dei sistnemnde formene.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)