Tyssedal
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Substantiv


Hankjønn

Det dominerande bøyingsmønsteret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (hage), mens andre ikkje gjer det (arm, båt). Vi har difor plassert e-en i ein parentes.

1. -(e) -en -er -ene

Det vil seie at arm, båt og hage blir bøygde slik:
arm armen armer armene
båt båt’n båter båt’ne
hage hagen hager hagene

På grunn av at endinga -en i båten står etter t, blir ordet i bestemt form eintal uttalt båt’n, jf. Lydmønster. Det same ser vi i båt’ne.


Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein i:
fot fot’n føtter føtt’ne/føtt’na


Ein del ord som endar på dei trykklette stavingane -er eller -el, følgjer det dominerande bøyingsmønstret, men dei får samandraging i fleirtal:
hammer hammeren hamrer hamrene
spiker spikeren spikrer spikrene
nåiel nåiel’n nåiler nåil’ne 'nøkkel'


Hokjønn

Dei fleste hokjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
2. -(e) -a -er -ene

Ein del hokjønnsord endar på -e i oppslagsforma (dame), mens andre ikkje gjer det (elv, ærri). Vi har difor plassert e-en i ein parentes.

Dermed får orda elv, ærri og dame slik bøying:
elv elva elver elvene
ærri ærria ærrier ærriene
dame dama damer damene

Desse orda har avvikande bøying frå hovudmønstret i hokjønn:
bok boka bøker bøkene
natt natta netter nett’ne
datter datra døtre døtrene


Inkjekjønn

Inkjekjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
3. -(e) -e -(e) -ene/-a

Ein del inkjekjønnsord endar på -e i oppslagsforma (eple, øre), mens andre ikkje gjer det (hus). Vi har difor plassert e-en i ein parentes.

Orda hus, eple og øre får dermed denne bøyinga:
hus huse hus hus’ne/husa
eple eple eple epl’ne
øre øre øre ørene

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)