Hornindal
Forskjellar
Yngre og eldre dialekt
- Dei som er fødde før den andre verdskrigen, har fleirtalsformene brøre – brøręne, møre – møręne av bror og mor. Dei yngre seier brødre – brødręne og mødre – mødręne.
- Dei yngre har få hokjønnsord som får vokalen a i fleirtalsendingane, men dei som er fødde før den andre verdskrigen, har fleire ord som vert bøygde slik, for eksempel øks (eldre: øks – øksa – øksa – øksane, yngre: øks – øksa – økse – øksęne).
- Dei yngre har berre palatalisering i bestemt form av substantiva. Eksempel: mann – maen, fjęll –
fjęe
- Dei som er fødde før den andre verdskrigen, vil ha forma hånå/nå som personleg pronomen
i 3. person hankjønn, avhengig form. Dei yngre seier håna/na.
|