Ulvik
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Verb
Svake verb
Dei svake verba kan me setja opp i seks klassar med desse bøyingsendingane: 1. kasta-klassen:
Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
2. døma-klassen:
Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
Verba i denne klassen som har konsonantane g, m, n eller v føre endinga, som altså i leva, enna, glåima osv., får endinga -de i preteritum. Dersom verbet har ein av konsonantane k, p, s, eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggja til -te: å spara – sparte, å tapa – tapte. Verb som har konsonantane l eller r framom endinga, kan få anten -de eller -te i preteritum: å tåla – tålde/tålte, å tåra – tårde/tårte. 3. greia-klassen:
Altså:
Når desse verba får tillagt endingane -dde og -tt, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har diftong framom infinitivs-a-en: båia, tåia, plåia ’bøya, tøya, pløya’. 4. meina-klassen:
Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid:
Her som i døma-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: bakte med -te og låvde med -de. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: låva, plaga, spęla osv. 5. telja-klassen:
Her set me stjerne framom endingane i fortid for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifta:
Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døma-klassen ved at dei har ein annan tonegang; vęle er uttalt med det me kallar tonem 1, mens leva i notid har tonem 2: ˊvęle, ˋleve. Her som i døma-klassen bruker ein -te i preteritum etter visse konsonantar. 6. nå-klassen:
Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
Sterke verb
Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i fara – fęre – for – fare. Her er vokalskiftet altså a – ę – o – a. Dessutan er det inga ending i preteritum (for), perfektum partisipp har endinga -e (fare), og i notid bruker ein tonem 1 (ˊfęre) slik som i det svake verbet ˊvęle, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse. 1. klasse (i – i – ai – e):
2. klasse (o – y – au – å):
3. klasse (i/e/ę – i/e/ę – a – ù/å):
4. klasse (ę – ę – a – å):
5. klasse (ę – ę – a – ę):
6. klasse (a – ę – o – a/ę):
Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba:
|