Ulvik
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Adjektiv

Adjektiva har me hovudsakleg to typar av: 1) dei som endar på -en i oppslagsforma (for eksempel galen), og 2) dei som ikkje gjer det (for eksempel fin). Adjektiva får bøying i samsvar med substantivet dei står til, og dermed får dei slike bøyingar:

1) ain gal’n gut ai galę jęnta ait gale badn
galne gutar galne jęnter galne bådn

På grunn av at endinga -en i galen står etter -t, blir ordet uttalt galʼn, jf. Lydmønster.

2) ain fine gut ai fin jęnta ait fint badn
fine gutar fine jęnter fine bådn

Dermed er bøyingsmønstera slik:
1) -en -e
-ne -ne -ne
2) -e - -t
-e -e -e


Dersom substantivet står i bestemt form, blir adjektivet bøygd slik:

1) dann galne gut’n dann galne jęnto da galna badne
dai galne gutane dai galne jęnt’na dai galne bådnę
2) dann fine gut’n dann fina jęnto da fina badne
dai fine gutane dai fine jęnt’na dai fine bådnę

Dermed er bøyingsmønstera slik:
1) -ne -ne -na
-ne -ne -ne
2) -e -a -a
-e -e -e

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)