Ulvik
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Substantiv
Hankjønn
Det dominerande bøyingsmønstret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (dråpe), mens andre ikkje gjer det (skog). Me har difor plassert e-en i ein parentes.
Det vil seia at skog og dråpe blir bøygde slik:
Ei gruppe hankjønnsord har e i fleirtalsendingane:
Slik går m.a. sau og bękk, altså på denne måten:
Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein f.eks. i:
På grunn av at endinga -en i foten står etter -t, blir ordet i bestemt form eintal uttalt fotʼn, jf. Lydmønster. Det same ser me i føttʼnę. Ein del ord som endar på den trykklette stavinga -ar, følgjer første bøyingsmønstret, men dei får samandraging i fleirtal:
Hokjønn
Dei fleste sterke hokjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
Dermed får orda pil og sak slik bøying:
Dei svake hokjønnsorda blir bøygde slik:
Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen a i fleirtal:
Slik bøying har f.eks. ęlv og sęg:
Desse orda har avvikande bøying frå dei to hovudmønstra i hokjønn:
Inkjekjønn
Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra:
Orda hus, ęgg, ęple og snøre får dermed denne bøyinga:
Dette er det dominerande bøyingsmønstret for inkjekjønnsorda. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (ęple, snøre), mens andre ikkje gjer det (hus, ęgg). Me har difor plassert e-en i ein parentes. Somme ord får ei spesiell bøying:
Palatalisering
Palatalisering kallar me det at ord som bękk heiter bęen, skog heiter skojen, stręg heiter stręnjen, og lęgg heiter lęen i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med (jf. bękk), mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. lęgg) og med j etter lang vokal (jf. skog) og etter n/ (jf. stręg). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:
|