Odda
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Verb
Svake verb
Dei svake verba kan me setja opp i fem klassar med desse bøyingsendingane: 1. kasta-klassen:
Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
2. døma-klassen:
Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
Dei fleste verba i denne klassen får endingane -te og -t i preteritum og i perfektum partisipp. Det gjeld verb der stammen endar på kort konsonant, på dei lange konsonantane -ll, -mm, -nn, - og -pp, og dessutan framandord på -era. Verb som lysa, høra, drømma og studera vil difor få endingane -te og -t. Nokre andre verb i denne klassen får endingane -de og -d i preteritum og i perfektum partisipp. Det gjeld for eksempel verb med stamme som endar på diftong, på den lange konsonanten -gg, eller på -g og -v med lang vokal eller diftong føre. Eksempel på slike verb er nåia, bygga, øva, plaga, aiga osv. 3. greia-klassen:
Altså:
Desse verba kan òg bøyast slik:
Når desse verba får tillagt endingane -dde og -dd, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba som vert bøygde slik, er at dei har d eller vokal framom infinitivs-a-en: snøa, lada, skada. 4. telja-klassen:
Her set vi stjerne framom endingane i preteritum og perfektum partisipp, for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifta:
Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døma-klassen ved at dei har ein annan tonegang; telle er uttalt med det vi kallar tonem 1, mens lysa i notid har tonem 2: ˊtelle, ˋlyse. Her som i døma-klassen bruker ein -te i preteritum i dei fleste verba. I oddamålet i dag er j-en i infinitiv fallen bort i alle verba i denne klassen. Vokalen på notidssteget har òg i stor mon trengt seg inn i preteritum og i perfektum partisipp. 5. nå-klassen:
Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
Sterke verb
Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som vi ser f.eks. i drikka – drikke – drakk – drokke. Her er skiftet altså i – i – a – o. Dessutan er det inga ending i preteritum (drakk), og perfektum partisipp har endinga -e (drokke), og i notid bruker ein tonem 1 (ˊdrikke) slik som i det svake verbet ˊtelle, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller vi opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse. 1. klasse (i – i – ai – e):
2. klasse (y – y – øy/au – ø/å):
3. klasse (i/e – i/e – a – o/e):
4. klasse (æ – æ – a – å):
Desse verba kan alternativt bøyast slik:
5. klasse (e – e – a – e):
Dersom ein bruker formene med -te i preteritum (leste) og -t i perfektum partisipp (lest), kan ein seia at desse verba går etter 4. klasse svake verb (telja-klassen) 6. klasse (a – a/e – o – a):
Nokre av dei sterke verba får bøyingar som minner noko om dei svake, f.eks.
|