Odda
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Adjektiv

Adjektiva har vi hovudsakleg to typar av: 1) dei som endar på -en i oppslagsforma (for eksempel skitten og open), og 2) dei som ikkje gjer det (for eksempel stor). Adjektiva får bøying i samsvar med substantivet dei står til, og dermed får dei slike bøyingar:
1) ain sjetʼn bil ai sjetʼn sjorta ett sjetʼnt hus
sjitne bilar sjitne sjorter sjitne hus
2) ain stor gutt ai stor jenta ett stort hus
store guttar store jenter store hus

Dermed er bøyingsmønstera slik:
1) -en - -ent
-ne -ne -ne
2) - - -t
-e -e -e

Dersom substantivet står i bestemt form, blir adjektivet bøygd slik:
1) denn åpne bilʼn denn åpna sjorto de åpna huse
di åpne bilane di åpna sjortʼne di åpne husʼne
2) denn store guttʼn denn stora jento de stora huse
di store guttane di store jentʼne di store husʼne

Dermed er bøyingsmønstera slik:
1) -ne -na -na
-ne -na -ne
2) -e -a -a
-e -e -e

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)