Jondal
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Verb
Svake verb
Dei svake verba kan me setja opp i seks klassar med desse bøyingsendingane: 1. kasta-klassen:
Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
2. døma-klassen:
Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
Verba i denne klassen som har konsonantane g, m eller r føre endinga, som altså i flira, laiga osv., får endinga -dę i preteritum. Dersom verbet har ein av konsonantane f, k, p, s eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggja til -tę: å slęppa – slępptę. Verb som har konsonantane l eller n framom endinga, kan få anten -dę eller -tę i preteritum: å dvela – dveltę, å kvila – kvildę, å nęvna – nęvndę, å råina – råintę. 3. greia-klassen:
Altså:
Når desse verba får tillagt endingane -ddę og -tt, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har d eller diftong framom infinitivs-a-en: båia, plåia ’bøya, pløya’. 4. meina-klassen:
Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid:
Her som i døma-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: baktę med -tę og svardę med -dę. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: bruka, svara, raka osv. 5. telja-klassen:
Her set me stjerne framom endingane i fortid, for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifta:
Det gjeld likevel ikkje i alle tilfelle:
Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døma-klassen ved at dei har ein annan tonegang; selę er uttalt med det me kallar tonem 1, mens flira i notid har tonem 2: ˊselę, ˋflirę. Her som i døma-klassen bruker ein -te i preteritum etter visse konsonantar. 6. nå-klassen:
Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
Sterke verb
Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i fara – fęrę – for – farę. Her er vokalskiftet altså a – ę – o – a. Dessutan er det inga ending i preteritum (for), perfektum partisipp har endinga -ę (farę), og i notid bruker ein tonem 1 (ˊfęrę) slik som i det svake verbet ˊselę, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse. 1. klasse (i – i – ai – e):
2. klasse (o/y – y – au – å):
3. klasse (i/e/ę – i/e/ę – a – o/å):
4. klasse (ę – ę – a – å):
5. klasse (e – ę – a – e):
6. klasse (a – e/ę – o – a):
Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba:
|