Jondal
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Substantiv
Hankjønn
Det dominerande bøyingsmønstret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -ę i oppslagsforma (låvę), mens andre ikkje gjer det (arm). Me har difor plassert ę-en i ein parentes.
Det vil seia at arm og låvę blir bøygde slik:
Ei gruppe hankjønnsord har ę i fleirtalsendingane:
Slik går m.a. sau og gåg ’gang’, altså på denne måten:
Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein f.eks. i:
På grunn av at endinga -ęn i fotęn står etter -t, blir ordet i bestemt form eintal uttalt fotʼn, jf. Lydmønster. Det same ser me i føttʼnå/føtʼnå. Ein del ord som endar på den trykklette stavinga -ar, følgjer første bøyingsmønstret, men dei får samandraging i fleirtal:
Hokjønn
Dei fleste sterke hokjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
Dermed får orda mark og skål slik bøying:
Dei svake hokjønnsorda har slik bøying:
Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen a i fleirtal:
Slik bøying har f.eks. gran og erig ’kjerring’:
Desse orda har avvikande bøying frå dei to hovudmønstra i hokjønn:
Inkjekjønn
Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra:
Dette er det dominerande bøyingsmønstret for inkjekjønnsorda. Ein del ord i denne gruppa endar på -ę i oppslagsforma (ęplę, męrę), mens andre ikkje gjer det (land, år). Me har difor plassert e-en i ein parentes.
Ei gruppe inkjekjønnsord blir bøygde slik:
Palatalisering
Palatalisering kallar me det at ord som mark heiter marę, tåg heiter tåję, ęg heiter ęnę, og plagg heiter plaę i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med (jf. mark), mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. plagg) og etter n (jf. ęg) og med j etter lang vokal (jf. tåg). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:
|