Fana
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket
Verb

Svake verb

Dei svake verba kan me setja opp i seks klassar med desse bøyingsendingane:


1. kasta-klassen:
-a -a -a -a

Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
kasta kasta kasta kasta


2. døma-klassen:
-a -e -de -t/-d

Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
gløyma gløyme gløymde gløymd
lysa lyse lyste lyst

Verba i denne klassen som har konsonantane g, m eller v føre endinga, som t.d. jaga, gløyma, leva osv., får endinga -de i fortid. Dersom verbet har ein av konsonantane k, l, n, p, r, s eller t føre endinga, blir fortid laga med å leggja til -te: å lysa - lyste, å tapa - tapte.


3. greia-klassen:
-a -e -dde -dd

Altså:
greia greie gredde gredd
nøya nøye nødde nødd

Når desse verba får tillagt endingane -dde og -dd, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har diftong framom infinitivs-a-en: greia, leia, bøya.


4. meina-klassen:
-a -a -de -t

Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid og i perfektum partisipp:
laga laga lagde lagt
tena tena tente tent
spęla spęla spęlte spęlt

Her som i døma-klassen finst to endingar i fortid alt etter kva konsonant som står framom endinga: spęlte med -te og lagde med -de. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: bruka, våga osv.


5. telja-klassen:
-a - *-de *-t

Her set me stjerne framom endingane i fortid og perfektum partisipp, for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet skiftar:
tęlja tęl talde talt
vęlja vęl valde valt


6. -klassen:
- -r -dde -dd

Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
bu bur budde budd
sy syr sydde sydd


Sterke verb

Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i grava - gręv - grov - grave. Her er skiftet altså a - ę - o - a. Dessutan er det inga ending i fortid (grov), og perfektum partisipp har endinga -e (grave). Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse.

1. klasse (i - i - ei - e):
bita bit beit bete
slita slit sleit slete

2. klasse (y - y - au - ȯ):
bryta bryt braut brȯte
sjyta sjyt skaut skȯte

3. klasse (i/ę – i/ę – a – u/ȯ):
fidna fidn/fint fant fudne
drikka drikk drakk drȯe
brędna brędn bradn brȯdne
svęlta svęlt svalt svȯlte

4. klasse (ę – ę – a – ȯ):
bęra bęr bar bȯre
sjęra sjęr skar skȯre

5. klasse (ę – ę – a – e):
lęsa lęs las lese
drępa dręp drap drepe

6. klasse (a – ę – o – a):
grava gręv grov grave
mala męl mol male

Nokre av dei sterke verba får bøyingar som minner noko om dei svake, f.eks.
be ber ba bett/bee
je jer ga jitt
stå står sto ste
slå slęr slo sleie
får fękk fått

Dialekt B: Sør i Fana kan me finna innskotsvokal i notid av sterke verb når følgjande ord tek til med konsonant:
drikka drikke drakk drȯe
lęsa lęse les lese

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)