Fana
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Substantiv
Hankjønn
Det dominerande bøyingsmønsteret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (time), mens andre ikkje gjer det (hęst). Me har difor plassert e-en i ein parentes.
Det vil seia at hęst og time blir bøygde slik:
På grunn av at endinga -en i hęsten står etter -t, blir ordet i bestemt form eintal uttalt hęst’n, jf. lydmønsteret. Ei gruppe hankjønnsord har e i fleirtalsendingane:
Slik går m.a. sau, sękk og vȯtt, altså på denne måten:
Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein i:
Ein del ord med stavinga -ar og -el følgjer første bøyingsmønsteret, men dei får samandraging i fleirtal:
Hokjønn
Dei fleste hokjønnsorda har dette bøyingsmønsteret:
Dermed får orda bu og sak slik bøying:
Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen -a i fleirtal:
Slik bøying har f.eks. myr og øy:
Dialekt B: I sørlegaste delen av Fana endar dei hokjønnsorda som ikkje endar på -a i oppslagsforma, på -o i bestemt form eintal:
Desse orda har avvikande bøying frå dei to hovudmønstera i hokjønn:
Inkjekjønn
Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra:
Orda hus og spadn får dermed denne bøyinga:
Ord som endar på -e i oppslagsforma, får oftast endinga -ena i bunden form fleirtal (ęplena). Men nokre eldre fanafolk held gjerne på endinga -ę i denne forma (ęplę), jf. yngre og eldre dialekt:
Ei lita gruppe inkjekjønnsord som endar på -a i ubunden form eintal, blir bøygde slik:
Dette gjeld m.a. ordet aua 'auga' som då har desse bøyingsformene:
Palatalisering
Palatalisering kallar me det at ord som bok heiter boa, sag heiter saja, fi heiter finjen, og vegg heiter veen i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k blir skifta ut med , mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. vegg) og med j etter lang vokal (jf. sag) og etter n (jf. fi). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:
|