Ulvik
Ein liten grammatikk
Lydverket Lydane
Vokalane i dialekten er dei vanlege a, e, i, o, u, y, ø, å, au, ai, åi og ao. Dessutan har ein “tilleggsvokalane”:
Konsonantane er dei vanlege me kjenner frå skriftmålet: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Dessutan har dialekten desse "tilleggskonsonantane": , , som er to lydar med j-klang. Dei blir uttalte med å pressa fremre delen av tunga mot ganen litt lenger fram enn der ein uttaler k og g, og så opna for lufta med ein liten “eksplosjon”. I fagspråket kallar me desse lydane for affrikatar. Dei svarar ofte til skrivemåten kj og gj i nynorsk: tęna, bya 'tenkja, byggja'. Men desse to lydane vekslar også ofte med k og g i bøyinga av ord, og det blir kommentert under substantiv. , som ofte svarar til skrivemåten ng. Han blir uttalt med å pressa bakre delen av tunga mot ganen mens ein slepper lufta ut gjennom nasen. I fagspråket kallar me denne lyden for ein velar nasal. Som dei fleste andre dialektane i Noreg har også dialekten i Ulvik tonemforskjell, dvs. at det finst ordpar der tonegangen er den einaste tydingsskiljande faktoren:
|