Fana
Forskjellar
Yngre og eldre dialekt
På ein del punkt kan me sjå forskjellar mellom yngre og eldre dialekt. Med eldre dialekt meiner me her talemålet til dei som er fødde før krigen, mens yngre dialekt er talemålet til dei som er fødde etter krigen. I eldre dialekt frå Fana finn me rulle-r. Yngre dialekt har skarre-r etter påverknad frå Bergen. Blant dei som enno nyttar det lokale bygdemålet, er det truleg få som stadig har den særmerkte ȯ-lyden intakt. Denne lyden har falle saman med å-lyden, for eksempel når det no blir sagt ståvo der ein før sa stȯvo. Særleg i den eldre fanadialekten finn me:
Inkjekjønnsformer som husę og ęplę i bestemt form fleirtal blir venteleg nytta forsvinnande lite idag (jf. Bøyingsverket: Substantiv). Alt på 1950-talet registrerte Ivar Skre ein viss bruk av alternative former som hȯvena (hovuda) og ęplena. |