Eidfjord
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Verb
Svake verb
Dei svake verba kan me setja opp i seks klassar med desse bøyingsendingane: 1. kasta-klassen:
Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
2. døma-klassen:
Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
Verba i denne klassen som har konsonantane g, m eller r føre endinga, som altså i flira, leiga osv., får endinga -de i preteritum. Dersom verbet har ein av konsonantane f, k, p, s eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggja til -te: steia – steikte, slęppa – slęppte. Verb som har konsonantane l eller n framom endinga, kan få anten -de eller -te i preteritum: kvila – kvilde, øla – ølte, unna – unnte, ręnna – ręnnde. 3. greia-klassen:
Altså:
Når desse verba får tillagt endingane -dde og -tt, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har diftong framom infinitivs-a-en: greia, sløya. 4. meina-klassen:
Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid:
Her som i døma-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: bakte med –te og svarde med –de. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: svara, bruka, koka osv. 5. telja-klassen:
Her set me stjerne framom endingane for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifta:
Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døma-klassen ved at dei har ein annan tonegang; spørå er uttalt med det me kallar tonem 1, mens ręnna i notid har tonem 2: ˊspørå, ˋręnne. Her som i døma-klassen bruker ein -te i preteritum etter visse konsonantar. 6. nå-klassen:
Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
Sterke verb
Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i fara – fęrå – for – fare/fåre. Her er vokalskiftet altså a – ę – o – a/å. Dessutan er det inga ending i preteritum (for), perfektum partisipp har endinga -e (fare/fåre), og i notid bruker ein tonem 1 (ˊfęrå) slik som i det svake verbet ˊspørå, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse. 1. klasse (i – i – ei – e):
2. klasse (o/y – y – au – å):
3. klasse (i/ę – i/ę – a – ù/å):
4. klasse (æ/ę/e – ę/e – a – å):
5. klasse (ę – ę – a – ę):
6. klasse (a – ę – o – a/å):
Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba:
|