Arna
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket
Verb



Svake verb

Dei svake verba kan me setja opp i seks klasser med desse bøyingsendingane:


1. kasta-klassen:
–a –a –a –a

Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
kasta kasta kasta kasta


2. døma-klassen:
–a –e –de/–te –t

Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
nęmna nęmne nęmde nęmt
vęnna vęnne vęnde vęnt
øpa øpe øpte øpt

Verba som har konsonantane g, l, m, n, r eller v føre endinga, som altså nęmde, levde osv., får endinga –de i preteritum. Dersom verbet har konsonantane p eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggja til –te: øpte.


3. greia-klassen:
–a –e –dde/–tte –tt

Altså:
bløyta bløyte bløtte bløtt
bøya bøye bødde bøtt

Når desse verba får tillagt endingane –dde/–tte og –tt, blir altså vokalen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har diftong framom infinitivs-a-en: bøya, tøya, pløya.


4. meina-klassen:
–a –e –de/–te –t

Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid:
laga laga lagde lagt
baka baka bakte bakt

Her som i døma-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: bakte med –te og lagde med –de. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: lika, baka, laga osv.


5. telja-klassen:
–a *–de *–t

Her set me stjerne framom endingane i fortid, for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifta:
tęlja tęl talde talt

Her som i døma-klassen bruker ein –te i preteritum etter visse konsonantar.


6. -klassen:
–r –dde –tt

Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså –r i notid:
bu bur budde butt
tru trur trudde trutt


Sterke verb

De sterke verba skil seg ut frå dei svake først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i farafęrforfare. Her er vokalskiftet altså a – ę – o – a. Dessutan er det inga ending i preteritum (for), og perfektum partisipp har oftast endinga –e (fare). Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse.

1. klasse (i – i – ei – e):
bita bit beit bete
slita slit sleit slete

2. klasse (y – y – au – ȯ):
bryta bryt braut brȯte
sjyta sjyt skaut skȯte

3. klasse (i/e/ę – i/e/ę – a – u/ȯ):
fidna fidn fadn fudne
drekka drekk drakk drȯe
brędna brędn bradn brȯdne
svęlta svęlt svalt svȯlte

4. klasse (ę – ę – a – å):
bęra bęr bar båre
sjęra sjęr skar skåre

5. klasse (a – ę – o – a):
fara fęr for fare
grava gręv grov grave

Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba:
bea be ba bee
jeva jev gav gåve
slȯ slęr slo sleie
sta står sto ste
får fękk fęe

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)