Arna
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket

Substantiv


Hankjønn

Det dominerande bøyingsmønstret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på –e i oppslagsforma (time), mens andre ord ikkje gjer det (hęst). Me har difor plassert e-en i ein parentes.
1. (e) –en –a –ane

Det vil seia at hęst, gut og time blir bøygde slik:
hęst hęstʼn hęsta hęstane
gut gutʼn guta gutane
time timen tima timane

På grunn av at endinga –en i hęsten og guten står etter t, blir orda i bestemt form eintal uttalte hęstʼn og gutʼn, jf. Lydmønster.


Ei gruppe hankjønnsord har e i fleirtalsendingane:
2. –en –e –ena

Slik går m.a. sękk, sau, bękk, altså på denne måten:
sękk sęen sęe seena
sau sauen saue sauena
bękk bęen bęe bęena


Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein i:
fot fotʼn føt føtʼna
bror brorʼn brør brørʼna


Ein del ord med stavinga –al, –ar, –el og –er følgjer første bøyingsmønstret, men dei får samandraging i fleirtal:
apal apalʼn apla aplane ’epletre’
habmar habmarʼn hamra hamrane ’hammar’
lyel lyelʼn lykla lyklane ’nøkkel’
åker åkerʼn åkra åkrane


Hokjønn

Dei fleste sterke hokjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
3. –ę –e –ena

Dermed får orda ti og skål slik bøying:
ti tię tie tiena ’tid’
skål skålę skåle skålʼna

Dei fleste svake hokjønnsorda har slik bøying:
4. –a –å –e –ena
visa viså vise visʼna
nasa naså nase nasʼna

Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen -a i fleirtal:
5. –ę –a –ane

Slik bøying har f.eks. myr og bygd:
myr myrę myra myrane
bygd bygdę bygda bygdane

Desse orda har avvikande bøying frå hovudmønstra i hokjønn:
klo klonę klø klødʼna
mor morę mør mørʼna
kyr kyrę kyr kydʼna


Inkjekjønn

Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra:
6. (e) –e (e) –ę

Orda hus og ęple får dermed denne bøyinga:
hus huse hus husę
ęple ęple ęple ęplę

Dette er det dominerande bøyingsmønstret for inkjekjønnsorda. Ein del ord i denne gruppa endar på –e i oppslagsforma (ęple), mens andre ikkje gjer det (hus). Me har difor plassert e-en i ein parentes.


Ordet aua ’auge’ har avvikande bøying:
7. –a –a –e –ena
aua aua aue auʼna


Palatalisering

Palatalisering kallar me det at ord som bok heiter boa, sag heiter saja, fi heiter finjen, og vegg heiter veen i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med , mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. vegg) og med j etter lang vokal (jf. sag) og etter n (jf. fi). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:

  • i eintal av hankjønnsord,
  • i eintal av hokjønnsord som ikkje endar på –a i oppslagsforma,
  • i fleirtal av hokjønnsord med –e og –ena som endingar (dvs. klasse 3 ovafor), og
  • i heile inkjekjønn.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)