Arna
Ein liten grammatikk
Lydverket Lydane
Vokalane i dialekten er dei vanlege a, e, i, o, u, y, ø, å, au, ei, oi, ai, øy. Dessutan har ein desse "tilleggsvokalane": ę, som er ein open e-lyd, ein æ-farga e. Dette er eigentleg æ-lyden i målet, ein æ-lyd som ikkje er på langt nær så open som den vanlege austlandske æ-lyden. Føre r er denne lyden gjerne litt opnare enn i andre posisjonar. ȯ, som er ein å-lyd med ø-klang. Lyden kan vera lang og kort, men er han kort, er ofte lyden mindre ø-farga. Konsonantane er dei vanlege me kjenner frå skriftspråket: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Dessutan har dialekten desse "tilleggskonsonantane": , , som blir uttalte med å pressa fremre delen av tunga mot ganen litt lenger fram enn der ein uttaler k og g, og så opna for lufta med ein liten "eksplosjon". I fagspråket kallar me desse lydane for affrikatar. Dei svarar ofte til skrivemåten kj og gj i nynorsk: tęna, bya 'tenkja, byggja'. Men desse to lydane vekslar også ofte med k og g i bøyinga av ord, og det blir kommentert under substantiv , som ofte svarar til skrivemåten ng. Han blir uttalt med å pressa bakre delen av tunga mot ganen mens ein slepper lufta ut gjennom nasen. I fagspråket kallar me denne lyden for ein velar nasal: ȯel ’ongel’. Som de fleste andre dialektene i Nordhordland har ikkje arnamålet tonemforskjell, dvs. at det ikkje finst ordpar der tonegangen er den einaste tydingsskiljande faktoren. I dei fleste andre dialektar ville ein tonemforskjell ha skilt det eine ordet i dette ordparet frå det andre:
ˊspira (bestemt form fleirtal av spir ’kyrkjespir’) Men i arnamålet blir begge desse orda uttalte likt. |