INSAM

BRUKARORGANISASJON KRING INFORMASJONSSYSTEM I SVENSKE MUSEUM

 

Per Vestbøstad

 

Ein heller fersk svensk museumsorganisasjon kallar seg INSAM - Infor- mationssystem i samverkan vid svenska museer. Organisasjonen har base på Nordiska museet i Stockholm og har kring 70 medlemsmuseum pr 1/7-91. Så langt har INSAM teke opp arbeid på tre felt: Utdanning, datakommunikasjon og databasestandardisering. Eg skal gå grundigare inn på det siste emnet, men først nemna litt om verksemda elles.

 

ÅRLEG BRUKARMØTE

 

Eit årleg brukarmøte skal gje informasjon om og høve til å drøfta aktuelle tiltak. Det første brukarmøtet vart halde i Stockholm 10.-12. april i år. Første dagen presenterte dei eit utkast til felles databasemodell, SWETERM. Andre dagen drøfta dei policy-dokumentet Museerna som informations- och kunnskapskalla, medan tredje dagen var sett av til demonstrasjonar av eit titals museumssystem som er under utvikling eller i aktiv bruk kringom på svenske museum.

 

UTDANNINGSTILTAK

 

Arbeidsåret 1991/92 skal konsentrerast om standardkurs for å auka forståinga for det informasjonteknologien kan tilføra museumsverksemda. Kursa skal innrettast mot ulike brukargruppar. Samstundes planlegg dei kursdagar og seminar for edb-spesialistane om databaseforming, nettverk og datakommunikasjon. Likeeins planlegg dei leiarseminar med vekt på strategiske tema.

 

SWETERM - UTKAST TIL NY DATABASESTRUKTUR

 

Eit utkast til databasemodell som skal dekkja alle materialtypar som musea handterar, vart lagt fram på INSAM-møtet i april. Framlegget var skrive på engelsk for å kunna brukast i det internasjonale samarbeidet innanfor museumsorganisasjonen ICOM sin komite for musikkinstrument-museum (CIMCIM). Denne museumstypen er utpeika til å vera prøvegruppe for bruk av informasjonsteknologi innanfor ICOM. Det vert rapportert om at Sweterm vekte stor interesse då det vart presentert på eit CIDOC-møte i København i juni. (CIDOC er dokumentasjonsgruppa i ICOM.)

Framlegget byggjer på ein analyse av grunnleggjande informasjonsaspekt ved kulturhistorisk kjeldemateriale, og grunntesen er at all informasjon kan ordnast i fire kategoriar - alt etter kva for eit av følgjande spørsmål dei er svar på: kva?, kven?, kvar? og kva tid?. Ein datapost har såleis berre fire felt: Eit som held greie på kva type informasjon det gjeld, eit som held greie på namn, eit som held greie på stader og eit som held greie på hendingar som knyter seg til dette aspektet ved registreringsobjektet. Men til gjengjeld treng ein då ein post i databasen for kvart felt i ein tradisjonell databasepost. For å halda greie på alle postar som til saman utgjer informasjonen om registreringsobjektet (t.d. ein museumsgjenstand), trengst det ein eigen, overordna datapost-type.

Ein slik databasestruktur gjer det lettare å registrera mange ulike typar objekt i same databasen. Målsetjinga her er parallell til NKKM-prosjektet Museene som kunnskapsbanker, nemleg å gje høve til å søkja på tvers av kulturhistoriske kjeldetypar. Når folk er på jakt etter opplysningar om ein person, ein gard eller ei verksemd skal dei finna alt relevant materiale, anten det er foto, dokument, lydbandopptak, film eller gjenstandar, i eit og same søk. Tradisjonelt har ein måtta gjera ein søkeoperasjon for kvar kjeldetype.

 

IKKJE SAMS DATABASESYSTEM

 

Om nokon no skulle tru at svenske museum er i ferd med å satsa på eit og same databasesystem, så er dette langt frå dei faktiske tilhøva. Tenkjemåten aust for Kjølen er heilt klårt at kvart museum må ha sitt særeigne databaseprogram. Dei har ikkje planar om å sentralisera programutvikling og -vedlikehald, slik me har gjort det her til lands. Dette kan ein m.a. sjå av at arbeidsgruppa attom Sweterm, samstundes som dei lanserar ein standardmodell for databaseutforminga, har teke initiativ til at denne modellen vert implementert i fleire ulike databaseprogram. Under demonstrasjonane på INSAM-møtet i april vart det såleis vist databasar som bygde på Sweterm-modellen både i DataFlex, Dbase, Informix og Advanced Revelation. Eg har vanskar med å sjå at denne måten å standardisera på kan gje dei einskilde musea nokon stor rasjonaliserings- eller kostnadsgevinst. På lengre sikt vil rett nok ein standardisert databasemodell gje fordelar når det gjeld datautveksling, særleg internasjonalt, men eg er i tvil om kor stor trongen for slik datautveksling eigentleg er.

 

SVENSKE MUSEUM REVIDERER OUTLINE OF CULTURAL MATERIAL

 

Kulturhistoriske museum både i Norge og Sverige har etter kvart teke i bruk Outline of Cultural Material, eit generelt antropologisk klassifiseringssystem for kulturytringar første gong utgjeve av Institute for Human Relation, New Heaven, Connecticut i 1938. Mange har likevel meint at OUC på fleire område var for generell og trong revisjon og utbygging. Utgjevaren har sjølv revidert OUC 5 gonger - siste utgåve er frå 1987.

Første svenske utgåva kom tidleg på 1970-talet, men først på eit møte i juni 1990 vedtok dei svenske kulturhistoriske musea at OCM skulle vera gjeldande, felles klassifiseringssystem for alle typar kulturhistorisk materiale: Gjenstandar, foto, skriftleg og munnleg arkivmateriale, film og video. Dei nedsette då også ei gruppe som skulle koma med framlegg til revisjonar. Klassifikasjonssektretärare Kristina Landdal ved Nordiska Museet orienterte om revisjonsarbeidet på det første årlege møtet i INSAM. Arbeidsgruppa skal senda framlegget ut på høyring i mai, og dei ventar å ha endeleg svensk versjon klar mot slutten av året.

 

GJENNOMGRIPANDE REVISJONAR

 

Gruppa kjem med framlegg om gjennomgripande endringar på visse punkt. Dei vil m.a.

  -  slår i hop visse hovudgrupper
  - endra namn på nokre undergrupper
  - byta ut framande fenomen med meir heimlege (produksjon av annanas, kaffi og mais vil dei byta med "jordgubbar, hallon och vinbär")
  - tona ned visse fine oppdelingar som er lite brukt, t.d. under slektskap
  - setja inn nye kategoriar, så som 217 Arkiv, 218 Bibliotek og 219 Museer
  - leggja einskilde kategoriar inn under andre: Smykkeproduksjon vert lagt inn under Metallarbeid og Reklame under Salsarbeid.
  - innføra eit nytt nivå av underkategoriar, dei vil altså ta i bruk eit 4. siffer.

 

Kontaktperson for prosjektgruppa er klassifikationssekretärare Kristina Landdal, Nordiska museet, Djurgårdsvagen 6 - 16, S115 21 STOCKHOLM. Tlf: + 46 8-666 46 00.

 


Innholdslisten for dette nummeret  Hovedside, Humanistiske Data Hjemmeside, Humanistisk Datasenter