BRUKARMØTE OM DATATEKNOLOGI I MUSEA

 

GRAN 18-19.9. 1991

 

NAVFs edb-senter for humanistisk forsking utarbeidde i 1985-1986 i samarbeid med avdelingsleiar Jon Birger Østby, Norsk Folkemuseum, eit datasystem for foto- og gjenstandsregistrering. Systemet var bygd på DATAFLEX og er nå installert ved kring 90 norske kunst- og kulturhistoriske museum, og fotosamlingar.

1990 fekk Norske kunst- og kulturhistoriske museer (NKKM) støtte frå Norsk Kulturråd til utvikling av programvare for museum. Det er oppretta ei styringsgruppe for prosjektet med sekretariatsleiar Roger Erlandsen, Oslo, som formann.

NAVFs edb-senter for humanistisk forsking har fått i oppgåve å utføra arbeidet i prosjektet, som har tittelen "Museene som kunnskapsbanker - utvikling av datateknologi".

Arbeidet i prosjektet starta hausten 1991.

I prosjektet vil ein med bakgrunn i røynslene så langt vidareutvikle edb-opplegga for musea, mellom anna slik at alle typar primærkjelder som musea forvaltar, kan dokumenterast i det same systemet. Det er også eit mål å integrera bruk av bildedatabasar i programsystemet. Arbeidet skal vere ferdig ved utgangen av 1992.

Som ein lekk i arbeidet med prosjektet har NAVFs edb-senter for humanistisk forsking skipa eit møte for sentrale og typiske brukarar av dagens databaseprogram for foto- og gjenstandsregistrering. Møtet var også meint å vera det første i ein serie med årlege brukarmøte kring temaet "informasjonsteknologi i musea".

Brukarmøtet 18-19.9. vart halde i forkant av NKKMs sitt årsmøte på Gran på Hadeland (19-22.9). Eit 20-tals sentrale/typiske edb-brukarar frå museums- og arkivsektoren var representerte på møtet.

Hovudmålet med møtet var å presentera planane for utvikling av ny programvare, og å få reaksjonar på desse frå røynde brukarar. Møtet var også eit høve til meiningsutveksling brukarane imellom. Prosjektplanen og utkast til kravspesifikasjonar var utsendt på førehand. Dei foreløpige resultata av ei rundspørjing til alle som har fått installert dei noverande databaseprogramma, vart ¢g lagt fram på møtet.

Under programposten "Miljøa informerer", informerte brukarane om informasjonsteknologiske tiltak på lokalplanet, Følgjande tema, som samla stor interesse første dagen, vart tekne opp som gruppearbeid andre dagen: "Museum og arkiv", "Brukarfunksjonar" og "Dataregistrering av kunstverk".

I løpet av hausten vil det mellom anna bli utarbeidd ein spesifikasjon av alle relevante datatyper og utført testarbeid med ein rekkje databasesystem med grunnlag i den kravspesifikasjonen som er sett opp.

 


Innholdslisten for dette nummeret  Hovedside, Humanistiske Data Hjemmeside, Humanistisk Datasenter