Odda
Ein liten grammatikk
Lydverket


Lydane

Vokalane i dialekten er dei vanlege a, e, i, o, u, y, æ, ø, å, ai, au og åi.

Konsonantane er dei vanlege me kjenner frå skriftmålet: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Dessutan har dialekten desse «tilleggskonsonantane»:

, som er ein k med j-lyd. Lyden blir uttalt med å løfta tunga mot bakre delen av ganen og pressa lufta forbi ei opning mellom tunga og ganen, slik at det oppstår ein høyrbar friksjon. Han svarar ofte til skrivemåten kj i nynorsk: tena 'tenkja'.

, som ofte svarar til skrivemåten ng. Han blir uttalt med å pressa bakre delen av tunga mot ganen mens ein slepper lufta ut gjennom nasen. I fagspråket kallar vi denne lyden for ein velar nasal.

Som dei fleste andre dialektane i Noreg har også dialekten i Odda tonemforskjell, dvs. at det finst ordpar der tonegangen er den einaste tydingsskiljande faktoren:
ˊfaren (bestemt form eintal av far)
ˋfaren (bestemt form eintal av fare)

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)