Granvin
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Substantiv


Hankjønn

Det dominerande bøyingsmønstret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (bae), mens andre ikkje gjer det (hęst). Me har difor plassert e-en i ein parentes.

1. -(e) -en -a -ane

Det vil seia at hęst og bae 'bakke' blir bøygde slik:
bae baen bakka bakkane
hęst hęstʼn hęsta hęstane

På grunn av at endinga -en i hęsten står etter -t, blir ordet i bestemt form eintal uttalt hęstʼn, jf. Lydmønster.



Ei gruppe hankjønnsord har e i fleirtalsendingane:
2. - -en -e -ena

Slik går m.a. sau og vęgg, altså på denne måten:
sau sauen saue sauena
vęgg vęen vęe vęena ’vegg’



Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein i:
fot fotʼn føte føtʼna/føttʼna


Ein del ord som endar på dei trykklette stavingane -ar og -el, følgjer første bøyingsmønsteret, men dei får samandraging i fleirtal:
hammar hammarʼn hamra hamrane
tistʼl tistelʼn tistla tistlane



Hokjønn

Dei fleste sterke hokjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
3. - -e -ena

Dermed får orda sak og skaol slik bøying:
sak saę sae saena
skaol skaolę skaole skaolʼna ’skål’


Dei fleste svake hokjønnsorda har slik bøying:
4. -a -o -e -ena
veka veko veke vekena
reka reko reke rekena


Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen a i fleirtal:
5. - -a -ane

Slik bøying har f.eks. ęlv og grind:
ęlv ęlvę ęlva ęlvane
grind grindę grinda grindane


Mellom anna desse orda har avvikande bøying frå dei to hovudmønstra i hokjønn:
rot rotę røte røtʼna
natt nattę nette nettʼna



Inkjekjønn

Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra:
6. -(e) -e -(e)

Dette er det dominerande bøyingsmønsteret for inkjekjønnsorda. Ein del ord i denne gruppa endar på –e i oppslagsforma (ęple, sęte), mens andre ikkje gjer det (bęr, trådl). Me har difor plassert e-en i ein parentes.

Orda bęr, trådl, ęple og sęte får denne bøyinga:
bęr bęre bęr bęrę ’bær’
trådl trådle trådl trådlę ’troll’
ęple ęple ęple ęplę ’eple’
sęte sęte sęte sętę ’sete’


Ei gruppe inkjekjønnsord blir bøygde slik:
7. -a -a -e -ena/-o
auga auga auge augena/augo
åira åira åire åirena/åiro ’øyre’



Palatalisering

Palatalisering kallar me det at ord som bękk heiter bęen, veg heiter vejen, sęng heiter sęnję, og vęgg heiter vęen i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med (jf. bękk), mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. vęgg) og med j etter lang vokal (jf. veg) og etter n (jf. sęng). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:

  • i eintal av hankjønnsord,
  • i fleirtal av hankjønnsord med -e og -ena som endingar i fleirtal (dvs. klasse 2 ovafor),
  • i eintal av hokjønnsord som ikkje endar på -a i oppslagsforma,
  • i fleirtal av ein del hokjønnsord som ikkje får skifte av stammevokal mellom eintal og fleirtal, og
  • i heile inkjekjønn.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)