Fana
Ein liten grammatikk
Lydverket
Lydane

Vokalane i dialekten er dei vanlege a, e, i, o, u, y, ø, å, au, ei, øy. Dessutan har ein «tilleggsvokalane»:

ę som er ein open e-lyd, ein æ-farga e. Føre r er denne lyden gjerne litt opnare enn andre plassar.

ȯ som er ein å-lyd med ø-klang.

Konsonantane er dei vanlege me kjenner frå skriftmålet: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Dessutan har dialekten desse «tilleggskonsonantane»:

, , som blir uttalte med å pressa tunga mot ganen litt lenger fram enn der ein uttaler k og g, og så opna for lufta med ein liten «eksplosjon». I fagspråket kallar me desse lydane for affrikatar. Dei svarar ofte til skrivemåten kj og gj i nynorsk: tęna, bya 'tenkja, byggja'. Men desse to lydane vekslar også ofte med k og g i bøyinga av ord, og det blir kommentert under bøyingsverket.

, som blir uttalt med å pressa bakre delen av tunga mot ganen mens ein slepper lufta ut gjennom nasen. I fagspråket kallar me denne lyden for ein velar nasal: ęri.

Som dei fleste andre dialektane i Norhordland har ikkje Fanadialekten tonemforskjell; ein skil ikkje mellom t.d. vise (adjektiv 'kloke') og viset (substantiv 'måten').

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)