Arna
Forskjellar


Yngre og eldre dialekt

Denne grammatikkskissa viser eldre arnadialekt. På ein del punkt kan me sjå forskjellar mellom yngre og eldre dialektbrukarar.

Når det gjeld den yngre arnadialekten, har han store likskapar med bergensdialekten (sjå eiga skisse for dialekten i Bergen). Dette er ei utvikling dialekten i Arna ikkje er åleine om, men som me også kan finna i Fana, Laksevåg og Åsane (sjå eigne skisser for desse plassane). Fram til 1972 var Arna, Fana, Laksevåg og Åsane eigne kommunar, men frå og med då blei desse kommunane ein del av det såkalla Stor-Bergen, dvs. at dei høyrer til Bergen kommune. Desse fire nye delane av Bergen har hatt ei nokså samsvarande språkutvikling etter kommunesamanslåinga, og dei har alle fått bygdemåla sine påverka av bergensdialekten i stadig større grad. I Arna har for eksempel uttalen av r-lyden endra seg frå såkalla rulle-r til skarre-r. I dialektprøvane våre kan ein høyra at den eldre informanten varierer uttalen og bruker både skarre-r og rulle-r, mens den yngre informanten har gjennomført skarre-r.

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)