International Annual Newsletter for German and Medieval Scandinavian Computer Research (nr. 16, hausten 1990) gjev mellom anna informasjon om:
Menso Folkerts og Andreas Kühne ved Inst. für Geschichte der Naturwissenshaften der Universität München (Postfach 260102, D-8000 MÜNCHEN 26) har lagra utvalde opplysningar om alle middelardermanuskript som gjeld aritmetikk, geometri, algebra, tirgonometri og beslekta emner i ein database ved hjelp av Nota Bene v. 3.0 (akademisk tekstbehandlar). Databasen dekkjer tida mellom 500 og 1500 e. Kr.
* | Bibliografi over tysk litteratur som er omsett til engelsk i det 20. hundreåret - med kryssreferansar. |
* | PRISEK - eit maskinlagra leksikon til bruk ved kvantitive analysar av stil og innhald i litterære verk av Goethe, Novalis, Rilke og Bachmann. |
* | Datastøtta undersøking av tale og skriftspråk i Austerrike. |
* | Ein konkordans over Freuds "Gesammelte Werke". |
* | Ein konkordans over Kafkas verk og dagbøker(?). |
* | Ein konkordans over tyske salmar frå det 16. og 17. hundreåret. |
* | Eit automatisk lemmatiseringsprogram for Schillers poesi. |
* | GERDA - eit program for interaktiv språklæring på Prime- og Macintosh-maskiner. |
* | CALIS - eit liknande program for MS-dos-maskiner. |
* | Grammatikk- og vokabularøvingar både for Macintosh- og MS-dos-maskiner. |
* | Planar for "a multi-volume analytic dictionary of frequency and range of contemporary spoken German". |
* | Ein hypermedia databank over tysk litteratur berekna både for undervisning og forsking. Skal innehalda bibliografiar og vert truleg publisert på CD-ROM. |
* | Forfattarspråk for språkøvingar for studentar (CAPE og TenCORE for MS-dos-maskiner). |
Her er det berre ein notis, nemleg om Concise Dictionary of North European Mythology and Antiquities: 2.500 namn frå nord-europeisk mytologi definerte og kryssrefererte.
Frå og med 1992 vil International Annual Newsletter for German and Medieval Scandinavian Computer Research verta publisert i tidsskriftet Germanic Notes and Reviews (GNR), som Univ. of Minnesota og Bemidji State University gjev ut to gonger årleg. GNR kan tingast ved å senda US $ 9.- ($ 11.- fra 1992) til: Professor Dr. Evelyn Scherabon Firchow, Director, Computer Clearing House Project in German and Medieval Scandinavian, Folwell Hall, University of Minnesota, Minneapolis, Minnesota, 55455 USA.
Doris T. Wight: Masochism, Mourning, Melancholia. A Freudian interpretation of E. T. A. Hoffman's Tale, "The Mines of Falun".
Dieter Saalmann: The Experience of Exile: Prolegomena For a Deconstructive Analysis of the Exilic Domain Within the Purview of Contemporary German-German Literature.
Anne L. Critchfield: Forum Stadtpark Graz: 30 Years of Tradition.
Ahuva Belkin: "Ugliness without Pain": The Peasant as the Theatrical Fool in German Graphic Art of the Renaissance.
Book Reviews.